Select An AI Action To Trigger Against This Article
ENDRING: På Kyrkjemøtet i Trondheim kan truvedkjenninga verte endra. Bønnelista-politikar Laila Terese Alendal tykkjer det er unødvendig. Heidi Molstad Andresen/Odd Keir Saebo
Kyrkjemøtet vil endre truvedkjenninga
Men berre med eit ord i den nynorske versjonen. – Unødvendig, seier Laila Terese Alendal frå Bønnelista.
Får representantane på årets Kyrkjemøte det som dei vil, kan ordlyden i Den apostoliske truvedkjenninga bli endra, i alle fall i nynorskversjonen.
Aktiv skapar
Kyrkjemøtet, som foregår i Trondheim frå 25. april, har nemlig planar om å endre teksten slik at den nærmar seg bokmålsversjonen, samt den latinske grunnteksten.